Nerlandsøy skule

Nerlandsøy skule

Postadresse: , 6098 Nerlandsøy

Besøksadresse: , 6098

Telefon: 70 08 46 44 / 70 08 46 46

Kontaktperson: Irene Sporstøl, 70084644, 70084646, irene.kopperstad.sporstol@heroy.kommune.no

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

Du velger selv

Film, Trinn: 4-7
Du velger selv er ein animert dokumentarfilm med barn som fortel om korleis det er å ha ein forelder i fengsel. Mange av desse barna veit ikkje kvifor mor eller far plutseleg blir «borte». Barna i filmen er anonymisert gjennom animasjon, men dei har sine eigne forteljarstemmer. Dei fortel sjølv om sin kvardag, sakn og draumar.Kajsa Næss er regissør og animatør for filmen. Saman med medanimatør og medprodusent Jan Otto Ertesvåg frå Ålesund, har ho laga ein film med eit viktig tema.Ertesvåg viser skisser og forklarer korleis filmen blei laga, og snakkar om kvifor denne filmen er viktig. Barna får stille spørsmål og fortelje kva dei tenkjer om det å ha ein forelder i fengsel. Jan Otto kjem også til å snakke om kva ein dokumentarfilm er, og han vil vise døme på ulike teknikkar og filmar.Til læraren:"Du velger selv" er ein film med eit viktig tema. Kvart år opplever mellom 6000 og 9000 born at ein av deira foreldre vert fengsla. Det kan vere elevar på din skule som er berørt av denne problematikken, og spesielt i desse tilfella er det tilfella er det bra å forberede eleven på kva som skal skje.Animatøren si erfaring med visning av filmen er at elevar i denne aldersgruppa er åpne, nyskjerrige og har mange tankar rundt temaet. Det er også utarbeida eit informasjonshefte som kan vere nyttig for læraren. Informasjonshefet skildrar vanlege problemstillingar knytt til å ha ei mor eller ein far i fengsel. Det er foreningen for Fangers Pårørende som har laga heftet.Lenke info-hefte: http://www.ffp.no/?module=Articles&action=Article.publicOpen&id=392Omtale NRK: http://www.nrk.no/kultur/film-om-barn-med-foreldre-i-fengsel-1.10947155Animatøren styrer timen og opplegget, men om lærar vil bidra med spørsmål eller liknande er han/ho hjarteleg velkomne til det. Dette opplegget passar spesielt godt inn i norsk, samfunnsfag og RLE.Vi ber om at kulturkontakter eller lærar introduserer filmskaparen som kjem på besøk. Det set ei fin ramme for møtet.Jan Otto ynskjer tett kontakt med elevane, og ser difor gjerne at ein skyv pultane ut til sida, slik at elevane sit på stolrekker (Kinooppsett) frå byrjinga av timen. Det er best dersom dette er gjort før timen startar.Filmsnutt av "Du velger selv" kan du sjå her: https://vimeo.com/81483227

Queen without land

Film, Trinn: 8-10
Dette er ei sann historie om møtet mellom Frost, ei nydelig isbjørnmor, og Asgeir Helgestad, ein norsk naturfotograf, gjennom ein 4-årige tur på Svalbard. Stigande temperaturar er årsaken for dramatiske klimaendringar når isen smeltar på rekordtid. Fjorder som ein gong var fulle av is og seler, blir borte, noko som skyver Frost lenger bort. Asgeir er dedikert til å finne henne og dokumentere alt som har blitt borte for ho, men oppgåva hans er langt ifrå lett.
Denne filmen utforskar spørsmålet "Denne planeten er ein heim for alle av oss, har vi råd til å ignorere det?".

Til å ta og føle på

Visuell kunst, Trinn: 1-4
Korleis ser ein følelse ut, kva form har han? Og korleis kunne det vere å ta på ein følelse?
Sorg er når du er trist. Sinne kan komme av at du ikkje blir forstått eller at nokon ikkje behandlar deg rett. Glede kan du føle når du føler deg bra og blir forstått. Redsel kjem når du på ein eller annan måte følar deg trua eller utrygg. Avsky kan ein kjenne om ein synes noko er ekkelt eller skremmande.
Alle har vi kjent på desse grunnfølelsane. Følelsane våre følgjer oss livet ut. Å forstå vårt indre kjensleliv kan hjelpe oss å forstå eigne reaksjonsmønster, gi betre sjølvinnsikt og sjølvfølelse. Og det kan hjelpe oss å lese visuell kunst.

Metall kan bøyast, det er både hardt og mjukt. Tre er ganske hardt men også mjukt- det kan vi spikke. Tekstil er tøyeleg, det kan vi sy. Plast kan vi smelte til nye former. Papp og papir kan vi brette og klippe. Stein og keramikk er hardt, og kan knusast. Materialar og det visuelle språket gir oss heilt andre moglegheiter å uttrykke følelsar på enn med ord.
I kunstformidlinga ”Til å ta og føle på” skal vi bli kjent med materialar og følelsar, og vi skal samarbeide om å lage ein skulptur.
Mål for kunstformidlinga er å få fokus og bevisstgjering av grunnfølelsane og ulike byggematerialar. At elevane kan danne seg individuelle visuelle bilete av grunnfølelsane sine. At elevane kan få ei forståing av at visuell kunst kan vere to-eller tredimensjonale bileter av vårt indre kjensleliv. Ved å kjenne sine eigne følelsar kan det bli gøy å lese visuell kunst.
Uttrykksform
Åpne filter