Austefjord skule

Austefjord skule

Postadresse: Fyrdsvegen 94, 6110 Austefjorden

Besøksadresse: Fyrdsvegen 94, 6110

Telefon: 70 05 9150 , 91641178 (Kulturkontakt)

Kontaktperson: Ove Tennfjord, 70059150, 90697773, ove.tennfjord@voldaskulen.no, Vibeke Korsnes Sundal, 70059150, 91641178, vibeke.korsnes.sundal@voldaskulen.no

Tal på produksjonar: 2

  • Alle

Du velger selv

Film, Trinn: 4-7
Du velger selv er ein animert dokumentarfilm med barn som fortel om korleis det er å ha ein forelder i fengsel. Mange av desse barna veit ikkje kvifor mor eller far plutseleg blir «borte». Barna i filmen er anonymisert gjennom animasjon, men dei har sine eigne forteljarstemmer. Dei fortel sjølv om sin kvardag, sakn og draumar.Kajsa Næss er regissør og animatør for filmen. Saman med medanimatør og medprodusent Jan Otto Ertesvåg frå Ålesund, har ho laga ein film med eit viktig tema.Ertesvåg viser skisser og forklarer korleis filmen blei laga, og snakkar om kvifor denne filmen er viktig. Barna får stille spørsmål og fortelje kva dei tenkjer om det å ha ein forelder i fengsel. Jan Otto kjem også til å snakke om kva ein dokumentarfilm er, og han vil vise døme på ulike teknikkar og filmar.Til læraren:"Du velger selv" er ein film med eit viktig tema. Kvart år opplever mellom 6000 og 9000 born at ein av deira foreldre vert fengsla. Det kan vere elevar på din skule som er berørt av denne problematikken, og spesielt i desse tilfella er det tilfella er det bra å forberede eleven på kva som skal skje.Animatøren si erfaring med visning av filmen er at elevar i denne aldersgruppa er åpne, nyskjerrige og har mange tankar rundt temaet. Det er også utarbeida eit informasjonshefte som kan vere nyttig for læraren. Informasjonshefet skildrar vanlege problemstillingar knytt til å ha ei mor eller ein far i fengsel. Det er foreningen for Fangers Pårørende som har laga heftet.Lenke info-hefte: http://www.ffp.no/?module=Articles&action=Article.publicOpen&id=392Omtale NRK: http://www.nrk.no/kultur/film-om-barn-med-foreldre-i-fengsel-1.10947155Animatøren styrer timen og opplegget, men om lærar vil bidra med spørsmål eller liknande er han/ho hjarteleg velkomne til det. Dette opplegget passar spesielt godt inn i norsk, samfunnsfag og RLE.Vi ber om at kulturkontakter eller lærar introduserer filmskaparen som kjem på besøk. Det set ei fin ramme for møtet.Jan Otto ynskjer tett kontakt med elevane, og ser difor gjerne at ein skyv pultane ut til sida, slik at elevane sit på stolrekker (Kinooppsett) frå byrjinga av timen. Det er best dersom dette er gjort før timen startar.Filmsnutt av "Du velger selv" kan du sjå her: https://vimeo.com/81483227

Juryen (Hege Haagenrud)

Scenekunst, Trinn: 1-7
Juryen opnar med ei mystisk scene; to dansarar dansar samtidsdans til vakker musikk med projisert natur som bakteppet.Med eitt kan vi høyre kviskring, først frå eitt barn, etter kvart kjem det fleire stemmer til: «Hva er det de gjør? Hvorfor gjør de det? Jeg skjønner ingenting!»Plutseleg kjem det eit barn fram på projeksjonsduken i bakgrunnen, så eitt til og eitt til. Barna stansar framsyninga.Dei kjem fram til at ettersom dei er barn, og dette er ei barneframsyning, bør dei få lov til å vere med å lage framsyninga.Barna tek over kontrollen; dei skal lage den optimale framsyninga!Om dei lukkast vil vi ikkje røpe, men gruppa står ovanfor mange utfordringar. - Korleis skal dei bli samde, dei er jo ikkje einsarta sjølv om dei er barn?   "Jeg liker vold og blod"
   - Alfred 7 år.   "Jeg har ikke lyst til å samarbeide med de andre barna, jeg vil bestemme alt selv"
   - Edith 6 årFramsyninga er støtta av: SPENN, Norsk kulturråd og FFUKLes omtale av Juryen
Uttrykksform
Åpne filter