Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Mr. Ping
Produksjonsliste
Program

Mr. Ping

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Gled dykk til eit møte med sjølvaste Mr. Ping!

Mr. Ping har fått eit stort ansvar. Han skal passe på eit egg. Han håpar inderleg at det er eit pingvinegg, men det er ikkje godt å vite kva som er på innsida. Egget må haldast varmt og tørt. Kanskje er det ein liten pingvin-baby der inne? Eit stort ansvar er det i alle fall!

Mr. Ping bur i Antarktis. Heime hos Mr. Ping er det frykteleg kaldt og masse snø. Endå verre er det at andre dyr kanskje ynskjer å få tak i egget hans. Mr. Ping må difor ta vare på egget så godt han kan ved å halde auga, og ikkje minst øyra opne.

På konserten vert det skapt eit variert landskap med lyd og loopar som Mr. Ping kan boltre seg i. Borna i barnehagen skal få vere med på å hjelpe Mr. Ping til ein trygg stad der han kan klekke egget.

Slagverkaren Knut Lothe har med seg ei stor kasse med lydar til barnehagen. Kanskje konserten kan inspirere borna til å finne ting i barnehagen som kan lage lyd?

Viktig om konserten:

  • Knut kjem til barnehagen ca. 30 minutt før konserten tek til. Då er det fint om barnehagen sitt fellesrom står klart som konsertlokale.
  • Knut vil gjerne møte alle borna ein annan stad i barnehagen enn der konserten skal framførast. Dette for å kunne verte betre kjende med borna før konserten. Dette møtet varer berre i ca. 5 minutt. Etterpå fylgjer alle borna med Knut inn i konsertlokalet.
  • Konserten vert spelt i barnehagen sitt fellesrom eller samlingsrom.
  • Det er fint om barnehagen legg tilrette for gode siktlinjer for borna ved å gjere det mogleg for borna å sitje i ulik høgd - golvet, matter, krakkar, stolar, fang, gjerne med bord bakerst om det passar, som eit slags "mini-amfi".
  • Konserten er i utgangspunktet produsert for born i alderen 3 - 5 år, men yngre born kan også ha stor glede av konsertopplevinga. Dei vaksne i barnehagen er best eigna til å vurdere i kva grad born under 3 år kan delta på konserten.

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Knut Lothe
  • Produsent: Lene T.Mordal., e-post: lene.mordal@mrfylke.no, tlf. 71 28 03 22 / 482 96 853 

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Knut Lothe er ein av dei mest etterspurte slagverkarane i landet. Han er også ein av Rikskonsertene sine mest erfarne utøvarar med over 1.800 konserter for born og unge. Knut er utdanna ved Norges Musikkhøgskole der han også har vore tilsett sidan 1997. Han spelar med band og artistar som: Funky Butt, Rubbel & Beat, Easy Swing, Nordnorsk kammerorkester, Magnolia jazzband, Norwegian Jazz Trio, Ytre Suløens jassensemble, Göran Fristorp, Ole Edvard Antonsen, Frode Alnæs, Lisa Standsfield og The Brazz Brothers.


Medverkande

Multimedia og vedlegg

Bilete

Mr. Ping
Musikk
Trinn: 4 år - 5 år
Turnéplan: Mr. Ping V17
Turnéplan: Mr. Ping H16
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Knut Lothe, e-post: konggud@online.no, mob. 900 35 736
Programlengde
30 - 35 minutter
Maks publikumsantal
80
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Lene T.Mordal., e-post: lene.mordal@mrfylke.no, tlf. 71 28 03 22 / 482 96 853 
Rikskonsertene
Medverkande
  • Knut Lothe