Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
OLE BULL - FIOLINIST OG SUPERSTJERNE
Produksjonsliste
Program

OLE BULL - FIOLINIST OG SUPERSTJERNE

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

PROGRAMMET


Ole Bull - verdsstjerne og brådiktar
I 2010 var det 200 år sidan Ole Bull blei fødd i Bergen, og superstjerna vart feira over heile landet. Ole Bull var ein virtuos fiolinist med enorm sceneutstråling. Han var omgangsven med dåtidas største europeiske kulturpersonar, og han spelte for kongar og fyrstar. Samstundes var han ein svært viktig kulturbyggjar for det unge Noreg. I ei tid då dansk kultur var dominerande i norske byar, viste Ole Bull nordmennene at dei kunne vera stolte av sin eigen norske musikk, språk og kultur. I Bergen grunnla Ole Bull landets første norske teater, og han løfta fram kunst- narar som Grieg, Myllarguten, Ibsen og Bjørnson. Ole Bull reiste meir enn nokon nordmann hadde gjort før han. Kvar stad han kom, plukka han opp lokale melodiar og improviserte rundt dei på konsertane sine.
Han trollbatt publikum på opptil 50 000 menneske i USA, men spelte like gjerne saman med lokale spelemenn på Vestlandet.
Men kven var han eigentleg, mannen som fekk menn til å jubla og kvinner til å dåna?
I denne konserten vil elevane få oppleva musikken slik Ole Bull sjølv kan ha spelt han. Eit nært og tett møte med verdsstjerna som ifølgje Bjørnstjerne Bjørnson var “det første og største Festøieblik i det norske folks liv”.

Lærarrettleiing

PRAKTISK TILRETTELEGGING
  • Konserten skal haldast i gymsal eller liknande.
  • Konsertlokalet må vera oppvarma og klargjort 45 min før konsertstart.


Det skal nyttast piano og det er er fint om dette er nystemt. Om skulane ikkje har piano, vil musikarane nytta eige trøorgel.

  • Elevane kan sitja på stolar i sal/amfi eller på langsida i gymsal. 
  • Utøvarane treng tre stolar og eit bord tilgjengeleg.
  • Utøvarane vert veldig glade for kaffi/te...•


PEDAGOGISK MATERIELL
Konserten vart til i samarbeid med Museet Lysøen utanfor Bergen og Den kulturelle skolesekken og vart framført første gong på Museet Lysøen våren 2010.
Museet Lysøen består av Ole Bulls Villa, eit gammalt gardstun frå 1600-talet, ein liten kafé, samt sjølve øya og parkanlegget Lysøen. På den 700 mål store øya finn du fantastisk natur, 13 km med skjellsandbelagte turstiar, lysthus og på øyas høgaste punkt, 76 m.o.h., eit utsiktstårn reist til minne om Ole Bull. Ta gjerne turen dit!
Gjer dykk kjent med Ole Bull og hans utrulege liv. 

FORARBEID
Dersom det finst elevar på dykkar skule som spelar fiolin eller hardingfele, kan dei gjerne oppfordrast til å ta med instrument og verta med på konserten. Ta kontakt med Nils Økland seinast 2 dagar før konserten for å avtale kva som kan spelast. Musikarane er fleksible. Tlf.nr. til Nils er: 901 09 111. Elevane må få tid til gjennomgang med musikarane når dei kjem til skulen, dette vil også bli avtalt i samtalen.


Vel møtt til ei spennande konsertoppleving!

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Ole Bull på Lysøen
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsentane Jørn Oftedal og Torstein Ellingsen.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

UTØVARANE


Nils Økland er ein allsidig fiolinist og hardingfelespelar. Han er oppteken av Ole Bull sin spelestil, og er spesielt interessert i Ole Bull sitt forhold til folkemusikk og improvisasjon. Økland har spelt mange konsertar på Lysøen sidan tidleg på 1990-talet. På same måte som Ole Bull, lagar Nils Økland mykje av sitt eige konsertrepertoar


Mari Lyssand har vore Ole Bull-entusiast sidan ho byrja som omvisar ved Museet Lysøen i 1989. Ved sida av arbeid som journalist og omsetjar, er ho jamleg konferansier ved konsertar på Lysøen.


Trøorgelspelar og pianist Sigbjørn Apeland har, som Ole Bull, bakgrunn frå klassisk musikk, men arbeider like mykje med folkemusikk og improvisasjon. Til dagleg er han organist i Sandvikskirken i Bergen.
Sigbjørn og Nils gav i 2011 ut CDen Lysøen - Hommage à Ole Bull som har fått strålande kritikkar.


Medverkande

Multimedia og vedlegg

Bilete

Lysøen
Foto: Hordaland Fylkeskommune
Ole Bull
Foto: Hordaland Fylkeskommune
Mari, Nils og Sigbjørn
Foto: Hordaland Fylkeskommune
Musikk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
SPØRSMÅL OM KONSERTPLANEN
Turnéleggjar Hege Merethe Gagnat
E-post: hege.merethe.gagnat att mrfylke.no
Tlf.: 71 25 88 87 / 90 11 40 24

SPØRSMÅL OM PROGRAMMET
Produsent: Lene Torgersen Mordal
E-post: lene.mordal att mrfylke.no

Tlf.: 71 25 88 53 / 482 96 853

Kontaktperson utøvar
Programlengde
ca 35 min
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Gymsal el lign
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
20 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Rikskonsertene
Medverkande
  • Nils Økland (Fiolin / Hardingfele)
  • Sigbjørn Apeland (Piano)
  • Mari Lyssand (Forteljar)