Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Tonane som traff - Distriktsmusikarane i Førde
Produksjonsliste
Program

Tonane som traff - Distriktsmusikarane i Førde

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Distriktsmusikarane i Førde 

Musikk kan både røre ved oss og begeistre oss. Nokre melodiar likar vi rett og slett så godt at dei blir favorittlåtar, og andre kan setje seg i øyret utan at vi kan gjere noko med det. Distriktsmusikarane i Førde har i denne nyproduksjonen sett saman ein fengande musikalsk meny med med eit utval melodiar som har hatt mykje å seie for dei, og dei håpar også at tonane skal treffe publikum. 

Christine Marøy, Henri Eftevand og Jacob Wyrtz har med seg mellom anna den kjende Habanera-arien frå Carmen og Puccini sin rørande Mio Babbino Caro på programmet, forutan forrykande Czardas-felespel. Musikarane gler seg også til å framføre "Do-re-mi" frå musikalen "Sound of Music" saman med alle elevane (sjå førearbeid nedanfor). 

Førearbeid

Til denne konserten ber vi om at elevane er med på refrenget på "Do - Re - Mi" frå musikalen "Sound of Music". Sjå link til YouTube (med både norsk og engelsk versjon). Vi ber om at elevane er med på refrenget på norsk (sjå vedlagte pdf-fil med tekst).

Bruk konserten

Framlegg til opplegg i musikktimen: Elevane vel to eller tre melodiar dei likar som dei skal presentere for resten av klassen. Kvifor likte dei akkurat denne? Kva type musikk er dette? Deretter kan ein høyre på melodiane i musikktimen. Vi har alle ulik smak når det gjeld musikk, og det er sånn det skal vere. 

Regien er ved Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertane.

God konsert!

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Distriktmusikarane i Førde
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • I samarbeid med: Distriktsmusikarane i Førde
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med Hallgeir Frydenlund og Øyvind Lyslo

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Distriktsmusikarane i Førde er ei av tre distriktsmusikargrupper i Sogn og Fjordane med tilsaman 6 distriktsmusikarar. Tilsaman er det 15 distriktsmusikarstillingar i Sogn og Fjordane, 5 i DM Gloppen og 4 i DM Sogn i tillegg til dei 6 i DM Førde. Ei distriktsmusikarstilling består av halvparten undervisning og halvparten utøving. Vertskommunane har arbeidsgjevaransvaret, og fylkeskommunen finansierer halvparten av utøvardelen. Distriktsmusikarordninga vart oppretta i 1987. 


Medverkande

  • Distriktmusikarane i Førde
  • Christine Marøy (song)
  • Henri Eftenvand (fiolin)
  • Jacob Wyrtz (gitar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Fiolin, song og gitar
Foto: Øyvind Lyslo

Video/Lyd

Musikk / Klassisk musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Programlengde
35 minutt
Maks publikumsantal
160
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller annan eigna konsertlokale
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
  • Musikarane kjem til skulen omlag 50 minutt før konsertstart.
  • Det er fint om nokon tek i mot musikarane når dei kjem og syner dei kvar konserten skal vere.
  • NB! Musikarane nyttar langveggen i gymsalen som speleplass med publikum plassert på kvar side (sjå vedlagte pdf med plan over oppsettet. Speleområdet blir som ein trekant med sider på ca. 7 meter). Det er ein fordel dersom ein kan lage til eit "mini-amfi" på begge sider av speleplassen, med matter fremst, så benkar og stolar. Då ser alle best mogleg. 
  • Det må vere normal romtemperatur i konsertlokalet, og vifteanlegget må vere skrudd av.
  • Lærarane sit i lag med elevane under konserten.
  • Elevane skal ikkje ha yttertøy på.
  • Det er fint om ein eller to elevar ynskjer velkomne til konsert, og gjerne takkar for konserten etterpå. Ein lærar kan også gjere dette, eller det kan vere ei oppgåve for kulturvertane ved skulen, dersom skulen td. har ei slik ordning med elevar som arrangørar.
  • Piano er ikkje naudsynt.
  • Vaktmeisteren må få tilgang på denne informasjonen.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
Rikskonsertene
Medverkande
  • Christine Marøy (song)
  • Henri Eftenvand (fiolin)
  • Jacob Wyrtz (gitar)