Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
God helg
Produksjonsliste
Program

God helg

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

TENK deg at du og klassen din sit rundt eit BÅL og høyrer historier bli fortalt. Slik er det på denne konserten også: elevane sit rundt musikarane og lyttar, ser på dei, instrumenta deira og får "fortalt" mange historier med ulikt innhald.

"God helg" skal gi kjensla av å gå inn i helga etter ei god veke. Endeleg kan du bruke mykje tid til det du liker best! 

Gutane på scena gjer det dei likar best, og det er å spele musikken sin saman.

Velkomen til konsert!

Lærarrettleiing

Lær dette verset på førehand

I konserten vil musikarane framføre ei nordmørsk folkevise som vi ønskjer at elevane etterkvart blir med på. Video av songen er lagt ved (sjå nederst).

Rakkelvise (frå samlingane til Edvard Bræin)

Nøkkel`n fær fjøsa
kom att med ljøsa
Kalva ei ku
grisa ei su
kjea ei geit 
bukken skeit
Presten las
klokkar`n song
Kalvan dem dansa
rompa ho slong.
Hei, for ein vakker fjøs-song!

Korleis koble læringsmålet Lytte til konserten? Musikarane har med mange instrument som også visuelt har ein sentral plass i oppsettet.

  • "Gjenkjenne lyden av og kunne navn på noen instrumenter" (1.-2.årstrinn)
  • "Gjenkjenne lyden av og navngi sentrale blåse-, strenge-og slagverksinstrumenter" (3.-4.årstrinn)
  • "Gjenkjenne klangen til og benevne de ulike instrumentgruppene" (5.-7.årstrinn)

Læringsmålet Musisere (felles for heile gruppa): "Musikk tar opp i seg, uttrykker og formidler stemninger, tanker og følelser ved alle sider av det å være menneske". Etter konserten - snakk saman om den non-verbale handlinga i konserten. Korleis oppførte musikarane seg når musikken hadde ulike karakterar? Merka elevane at musikarane forflytta seg ettersom korleis musikken var? Kva for kjensler fekk elevane under konserten? Korleis kjenner vi oss eigentleg når vi blir påverka av musikk?

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Lene  E.Torgersen Mordal, tlf. 71 25 88 53 / 482 96 853, e-post: lene.mordal@mrfylke.no
  • I samarbeid med: Rikskonsertane og produsent Hallgeir Frydenlund.
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsentane Hallgeir Frydenlund (Rikskonsertane) og Lene Torgersen Mordal (Møre og Romsdal fylkeskommune).

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Møremusikarane Fjord og Fjell er ei vel-etablert distriktsmusikargruppe i Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei har til dagleg tilhald i Sunndal, der dei også er lærarar i Sunndal kulturskole. Både den einskilde i gruppa og gruppa sjølv har gjennom mange år hatt konsertar for elevar og born, men også medverka musikalsk på ulike arrangement i og utanfor fylket. Den musikalske profilen er sjangeroverskridande innafor rytmisk musikk, og både folkemusikk, rock og jazz er godt representert.

I 2013 ga dei ut cd'en Sneis. Med denne skolekonserten er dei no i gang med nytt repertoar.


Medverkande

  • Audun Skorgen (Bass)
  • Peter Wergeni (Saxofon)
  • Jo Inge Nes (Slagverk)
  • Øystein Sandbukt (Gitar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Møremusikarane Fjord og Fjell
Foto: Elin Johansen Lyngstad
Jo Inge sine instrument!
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Peter sine instrument!
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Audun sitt instrument!
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Øystein sine instrument
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Video/Lyd

Musikk
Trinn: 1 - 7
Turnéplan: God helg H17
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Gruppeleiar Jo Inge Nes,tlf. 90 99 66 99
Programlengde
45
Maks publikumsantal
160
Arena / rom
Gymsal eller liknande med flatt golv.
Berehjelp
4
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad om publikumsplassering
Ver merksam på sceneoppsettet for denne konserten, sjå vedlegg. Bygg opp eit lite "amfi" for elevane med MATTER foran, benker og tilslutt stolar så alle kan sjå godt! Dersom skolen ønskjer å nytte eiga amfi er tilstade, må dei fremste rekkene i amfiet danne den eine V-sida i rommet, og den andre V-sida må løysast provisorisk med t.d.matter og benker/stolar. Ring musikarane ("Utøvarkontakt") for å avklare dette.
Merknad
Det bør vere 4 sterke personar som hjelper med å bære før og etter konserten! Musikarane kjem til skolen ca 1 time før konserten.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Lene  E.Torgersen Mordal, tlf. 71 25 88 53 / 482 96 853, e-post: lene.mordal@mrfylke.no
Rikskonsertene
Medverkande
  • Audun Skorgen (Bass)
  • Peter Wergeni (Saxofon)
  • Jo Inge Nes (Slagverk)
  • Øystein Sandbukt (Gitar)