Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Rachel Hair Trio
Produksjonsliste
Program

Rachel Hair Trio

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

"Rachel delivers the most heartbreaking and spellbinding performance, harnessing the most subtle and expressive aspects of her harp" (www.folking.com)

Rachel Hair er ein kritikarrost musikar frå Glasgow og ein meister på keltisk harpe

Rachel Hair har turnert i Europa og USA, og kjem no til Noreg med trioen sin. Musikken kan best beskrivast som melodiøs og fengande, samstundes som dei keltiske røtene set sitt preg på både melodiar og rytmar. Rachel har med seg Jenn Butterworth på gitar og vokal og Cameron Maxwell på bass. På denne turneen vi elevane få høyre både tradisjonelle skotske og spenstige reels og jigs, saman med eit knippe låtar frå dei to siste platene deira, "The Lucky Smile" og "No More Wings", sistnemnde kom ut våren 2012. Dette blir eit friskt møte med skotsk musikk i både ny og tradisjonell innpakning!

Førearbeid

Sjå vedlagte Bruk konserten-opplegg (Elevar som arrangørar), men konserten kan også førebuast ved å lytte til låtar på nettsidene til Rachel Hair Trio. Konserten kan gjerne introduserast på engelsk, og ein kan også gjere eit intervju med musikarane til skulen sine nettsider. Dette må ev. avtalast på førehand med musikarane.

Praktisk konsertførebuing

  • Det må vere normal romtemperatur i konsertlokalet.
  • Publikum sit på stolar i ein halvsirkel (med midtgang).
  • Elevane skal ikkje ha ytterkle på.
  • Lærarane sit saman med elevane.
  • Musikarane nyttar som regel langveggen (td. i gymsalen) som sceneområde.
  • Det er ikkje naudsynt med piano.
  • Det må vere straumuttak der musikarane skal stå.
  • Det må vere eit rom i nærleiken av konsertlokalet (td. ein garderobe nær gymsalen) som musikarane kan nytte som garderobe.
  • Vaktmeisteren må få tilgang til denne informasjonen.

Nettsider:

www.rachelhair.com

www.jennbutterworth.co.uk

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Lene T.Mordal, lene.mordal@mrfylke.no, 71 25 88 53 / 482 96 853
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent Øyvind Lyslo

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Rachel Hair kjem opprinneleg frå den skotske nordvestkysten, og er ein av dei fremste utøvarane på keltisk harpe i Storbritannia. Trass sin unge alder, har ho alt gjort fleire CD-innspelingar og turnert i store delar av verda, både i Europa og i USA. Ho både komponerer og arrangerer i tillegg til å spele tradisjonelle skotske airs, reels og jigs, og ho er ein ettertrakta instruktør og pedagog. Rachel som er halvt irsk, fekk  opplæring i skotsk folkemusikk frå ho var 10 år gammal. 15 år gammal flytta ho til Edinburgh, og i dag er ho busett i Glasgow. Rachel er også ein dyktig komponist, og skriv sjølv dei fleste låtane til trioen.

Jenn Butterworth spelar akustisk gitar og syng. Ho er ein av dei mest ettertrakta gitaristane i den yngre generasjon av skotske musikarar, med eit gitarspel prega av både energi og intensitet, og ho samarbeider med musikarar som Phil Cunningham, Aly Bain og Nuala Kennedy. Jenn ein også ein dyktig glimrande vokalist. Ho vert også mykje nytta til workshops og instruksjon, og underviser ved The Royal Conservatoire of Scotland i Glasgow. Jenn Butterworth er også ein dyktig låtskrivar.

Cameron Maxwell


Medverkande

  • Rachel Hair (Keltisk harpe)
  • Jennifer Butterworth (Gitar og vokal)
  • Cameron Maxwell (Kontrabass)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Rachel Hair Trio
Foto: Simon Lees
Rachel Hair trio
Foto: Rokken
Musikk / World Music, samtid
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Rachel Hair, e-post: info@rachelhair.com, mob. +44 7769 781691
Programlengde
Ca. 40 minutt
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller annan eigna konsertlokale
Berehjelp
3-4 elevar ca 45 min før konsertstart.
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
Kritikarane om Rachel Hair Trio sin CD, "The Lucky Smile":

 "One of the UKs finest contemporary Celtic harpists and tunesmiths" (Songlines)

 "A joy from start to finish" (Musicians magazine)

"The harpist's decision to go with players who are also involved on the Scottish jazz scene pays rich dividends, adding a touch of improvisational fluidity and both harmonic and rhythmic subtly to the music without sacrificing its traditional folk appeal. Her own playing is excellent, and her choice of material mixes attractive original compositions with well-chosen tunes from both traditional and contemporary sources"  (The List magazine)

"Hairs style is original, confident and inspired. A hugely enjoyable album" (Taplas Magazine)

"Rachel Hair has that uncanny knack of picking just the right tunes to take her audience on a spectacular acoustic musical tour" (www.folkandroots.co.uk)

"Highly recommended" (The Irish Music Magazine)

"Rachel delivers the most heartbreaking and spellbinding performance, harnessing the most subtle and expressive aspects of her harp" (www.folking.com)

Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Lene T.Mordal, lene.mordal@mrfylke.no, 71 25 88 53 / 482 96 853
Rikskonsertene
Medverkande
  • Rachel Hair (Keltisk harpe)
  • Jennifer Butterworth (Gitar og vokal)
  • Cameron Maxwell (Kontrabass)