Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Moments Notice
Produksjonsliste
Program

Moments Notice

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Velkomen til konsert med Moments Notice - tre jazzmusikarar som gir ALT!

Lærarrettleiing

Moments Notice er ein sprudlande jazztrio som heile tida forskar i nye groover, nye lydar og nye instrument. Musikken dei skapar er like spontan og uforutsigbar som gutane sjølv. Gleda over å framføre musikk styrer det meste i livet til Lars Andreas, Vidar og Knut, og tilhøyrarane vil få ein spanande og kommuniserande konsert med barnsleg og leiken jazz!

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Gruppa Moments Notice i samarbeid med tidlegare fylkesprodusent i Buskerud fylkeskommune, Scott Rogers -2005

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Vidar Sæther - saksofonar, klarinett. Han har kandidatstudiet i jazz/pedagogikk (4 år) frå Norges musikkhøgskole der han også underviste i komposisjon/arrangering og improvisasjon frå 2001-2009. Jobber no som lærar på musikklinja ved Fagerlia vgs (Ålesund). Vidar har forøvrig også laga 100 meter med heimelaga pasta..... !! -  og gjeve ut fire plater med bandet Funky Butt, har også spelt på en rekke jazzklubber og festivalar i Noreg og Europa.

Lars Andreas Haug – tuba, trompet, ventiltrombone. Lars Andreas har turnert over heile verda med sin tuba. Fra ørkenen i Siwa,via New Delhi og Tokyo til dei fleste land i Europa. Lars Andreas driver Lars Andreas Haug band i tillegg til å spele i mange andre band. Han har revolusjonert måten å spille tuba på, mellom anna ved bruk av song og overtonar i tubaen, men også med solistiske- og groove-egenskaper. I 2012 vant han spellemannprisen saman med Ragnhild Furebotten si «Never On A Sunday». Hans tredje soloplate, «Conrairo», vart belønna med med terningkast 6 og supre kritikker.

Knut Aalefjær - trommer, perkusjon. Han er klassisk utdanna slagverkar frå Norges musikkhøgskole i 1997, oger ein allsidig musiker med erfaringer frå jazz, pop, rock og klassisk musikk. Knut er mykje nytta som vikar i symfoniorkestre, i tillegg til ei karriere som jazzmusikar med eigne band og som medlem i bl.a. Geir Lysne Listening Ensemble, og Helge Lien Trio.


Medverkande

  • Lars Andreas Haug (Musiker)
  • Knut Aalefjær (Musiker)
  • Vidar Sæther (Musiker)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Moments Notice
Sceneoppsett
Moments notice
Foto: Lars Opstad, Rikskonsertene
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Vidar Sæther, tlf.916 42 281
Programlengde
ca 40 minutter
Maks publikumsantal
170
Arena / rom
Gymsal
Berehjelp
4 sterke personar før og etter konserten
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
35 min.
Straum
10 amp.
Merknad om publikumsplassering
Elevane sitter på matter. Musikerne bruker langveggen. Elevene sitter i halvsirkel.
Scene
6 meter, der midten av scena har 5 meters avstand til publikum.
Merknad for spelestad
Konsertlokalet må vere oppvarma til normal romtemperatur ved musikarane sin ankomst. Musikarane setter pris på at kulturkontakt er tilgjengeleg for musikarane under heile besøket
Merknad
Praktiske opplysningar: Det er ein fordel om publikumet består av ei blanding av alle klassetrinn. Lærarane setter seg saman med elevane. Elevene tek av seg ytterklærne før dei kjem inn. Vennligst gje eitt eksemplar av denne konsertinformasjonen til vaktmeister.

Førebuingar: Det krevst ingen spesielle førebuingar til denne konserten. Lukke til med konserten!

Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Rikskonsertene
Medverkande
  • Lars Andreas Haug (Musiker)
  • Knut Aalefjær (Musiker)
  • Vidar Sæther (Musiker)