Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Høgt og lågt med Tryllefløyta
Produksjonsliste
Program

Høgt og lågt med Tryllefløyta

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Trur du på at ei fløyte kan spele av seg sjølv? Og at eit klokkespel aleine skal klare å skaffe ei kone til den fjørkledde og rare Papageno? Stakkars Pamina er fanga av den slemme  - men låge - Nattens Dronning, men ho har ikkje ei sjanse mot den skremmande, men rettferdige - og høge- Sarastro.

Gjennom dei to operasongarane i konserten vil de møte Papagena og Papageno, Pamina og Tamino, Nattens Dronning og Sarastro. Og med pianisten som orkester er det duka for ein morsom og dramatisk opera med mange fine songar som Wolfgang Amadeus Mozart har komponert.

Lærarrettleiing

Om sang i skolen og på konserten!

MÅL FRÅ KUNNSKAPSLØFTET:

Lytte/musisere: "Gi uttrykk for opplevelser gjennom språk, dramatisering, dans og bevegelse" og "bruke stemmen variert i ulike styrkegrader og tonehøyder" (1.-2.trinn). "Delta i samtaler om hva som er særegne trekk ved enkelte musikksjangere" og "beherske et sangrepertoar fra ulike sjangere og synge med fokus på intonasjon" (3.-4.trinn). "Gjenkjenne musikk fra historiske hovedepoker i kunstmusikken" og synge unisont og flerstemt i grupe med vekt på intonasjon, klang og uttrykk" (5.-7.trinn).

Konserten er eit godt høve til å verte meir kjend med den klassiske operaen, og Mozart sin store konsertproduksjon.

Eit av Mozart sine mål rundt komponeringa, var at også alle instrumenter burde etterligne songen som det naturlige.  Ta tak i songer av Mozart og syng med elevane før og etter konserten. I Norsk Musikkforlag og Stein Skøyeneie sitt læreverk for mellomtrinnet "Vi synger 2 "finn de "Ein Vogelfãnger" på norsk. "Kom mai du skjønne milde" er også ein kjend melodi laga av Mozart, sjølv om den ikkje høyrer til Tryllefløyta.

Lær desse små versa på førehand og bli med og syng i konserten:

DET KLINGER SÅ HERLIG

Det klinger - så herlig - det klinger - så skjønt

Tralala - la-la-la-la-la-la-la-la-la-la

Noe slikt har - jeg aldri - før sett - eller hørt

Tralala - la-la-la-la-la-la-la-la-la-la

Og her er melodien! http://www.youtube.com/watch?v=bvieQiDf2i8

KLING NÅ KLOKKER

Kling nå klokker, kling nå

Bring en pike hit!

http://www.youtube.com/watch?v=H5rETN9GFwA spol fram til 2:38.29 ! Dette YouTube-sporet er eit opptak av den komplette operaen.

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Lene E. Torgersen Mordal, tlf. 71 25 88 53 / 482 96 853, e-post: lene.mordal@mrfylke.no
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Charlotte Fongen har si songutdanning frå Norges musikkhøgskole. Ho studerte hos Marit Isene, og avslutta med diplomkonsert i 1991. Ho debuterte med Rikskonsertenes debutstøtte i 1992. Hun har siden dette gjesta Den Norske Opera ved mange høve, og har hatt roller som ”Zerlina” i Don Giovanni, ”Susanna” i Figaro’s Bryllup,”Papagena” i Tryllefløyten, ”Jano” i Jenufa, ”Lauretta” i Gianni Schicci, sopranpartiet i Det Guddommelige sirkus og ”Filledokka” i Dokkedoktoren. For rolla som Papagena fekk ho god kritikk for at ”hun var kvikk og morsom i sin rolleutforming og for å spille ut sin humoristiske sans”. Charlotte er også ofte engasjert som romansesongar og nytta som solist ved fremføringar av kirkemusikalske verk. Hun har dessuten arbeidet mye med Dissimiliskoret.

Bjørnar Myhr kjem fra Langevåg i Sula og er utdanna pianist frå konservatoriet i Trondheim. Bjørnar har i mange år vore Møremusikar med tilhald i Ålesund. Bjørnar meistrer så og si alle stilartar, og har vore brukt som akkompagnatør og solist i mange samanheng. Han er svært mykje nytta som arrangør og kapellmeister, og ein ofte føretrekt samarbeidspartnar for kjende namn som Magne Fremmerlid, Helga Botn, Rein Alexander, m.fl.

Magne Fremmerlid er ein svært populær konsert- og oratoriesongar, og har ved fleire høve vore solist med Oslo-Filharmonien, Bergen Filharmoniske og Stavanger Symfoniorkester. Han er oppvaksen på gard i bygda Skodje på Sunnmøre, og hadde her skolekorps, ungdomskor og fotball som viktige fritidsaktivitetar. Han utdanna seg ved Rogaland Musikkkonservatorium og hos sangpedagogene Ingrid Bjoner og Eva Blahovahar. Etterpå arbeida han i tilsaman 14 år som lektor i musikk ved Solborg Folkehøgskole og ved Høgskolen i Vestfold. Han var også aktiv som kordirigent i 25 år. Sidan 1997 har han vore fast tilknytta i solistensemblet ved Nasjonaloperaen i Oslo.Magne sin mantra om opera er:"Det ein treng når livet blir for lett å leve!"


Medverkande

  • Ann Charlotte Fongen (song)
  • Magne Fremmerlid (song)
  • Bjørnar Myhr (piano)

Elevorientering

OM VIDUNDERBARNET MOZART

Visste du at ein av verda sine største komponister berre vart 35 år gamal?

Wolfgang Amadeus Mozart vart fødd i Salzburg i Austerrike i 1756. Alt som barn viste han sjeldne anlegg for musikk. Han var «vidunderbarn», og faren dro med den 7-årige pianisten på konsertreiser til England, Nederland og Belgia. Reisene foregikk med hest og vogn. Overalt gjorde den unge guten stor lykke. Berre 17 år gamal leia han store konsertar, der hans eigne komposisjonar vart framført. Men Mozart døydde allereie i 1791, knapt 36 år gamal.Likevel hadde han gjort ferdig over 600 musikkverk, mellom anna fleire operaer.

Å overvinne det onde med det gode er noko av bodskapen i Tryllefløyta, krydra med ein god porsjon av god, gamaldags romantikk og kurtise! Operaen Tryllefløyta ble laga i det året han døydde, saman med andre store verk som til dømes korverket «Requiem». Han døydde einsam og fattig, men musikken hans vil alltid glede oss med si sprudlande friskheit og ynde.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Høgt og lågt med Tryllefløyta
Charlotte Fongen
Magne Fremmerlid
Foto: Jõrg Wiesner
Bjørnar Myhr
Foto: Magnus Skrede
Wolfgang Amadeus Mozart
Papageno og Papagena
Foto: Lene T.Mordal
Papageno leitar etter Papagena
Foto: Lene T.Mordal
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Lene E.Torgersen Mordal, e-post: lene.mordal@mrfylke.no, tlf. 71 25 88 53 / 482 96 853
Kontaktperson utøvar
Møremusikar Bjørnar Myhr, tlf. 92 04 81 32.
Programlengde
40 min.
Maks publikumsantal
160
Arena / rom
Skolen sin gymsal er eit foretrukket lokale!
Berehjelp
2-3 personar. Kan godt vere elevar.
Kostymer/rekvisita
Musikarane må ha tilgang til garderobe nær konsertlokalet.
Lysutstyr
Utøvarane har med litt lysutstyr og eit enkelt lydanlegg, samt eit el-piano.
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
30 min.
Straum
2 x 10 A
Merknad om publikumsplassering
Ein ønskjer midtgang blandt publikum. Bygg opp amfi med matter, benker og stolar bakerst.
Må blendast
Ja
Merknad
Musikarane er i manko på ein person i ein spanande sekvens i handlinga. Dei treng difor ein mannleg lærar som kan vere med på scena i ca 3 minutter!
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Lene E. Torgersen Mordal, tlf. 71 25 88 53 / 482 96 853, e-post: lene.mordal@mrfylke.no
Rikskonsertene
Medverkande
  • Ann Charlotte Fongen (song)
  • Magne Fremmerlid (song)
  • Bjørnar Myhr (piano)