Det er tid for å starte planleggingsarbeidet for bruk av midlane knytt til Kultursekken for skoleåret 2013/2014.
Frist for levering av kommuneplanen er 1. juni 2013.
Profesjonalitet i tiltaka er avgjerande for at planen skal kunne godkjennast. Kultursekken skal stå for profesjonalitet i alle ledd i tilboda, og profesjonell kulturkompetanse skal hentast inn til dei lokale prosjekta i kommunane. Kulturforumet oppmodast til å initiere nye aktivitetar kvart år. Det er høve til å vidareføre gode enkelttiltak over fleire år.
I 2012 blei det utarbeidd ein nasjonal rammeavtale for arbeid innanfor Den kulturelle skolesekken. Den regulerer mellom anna kva for honorar utøvarane bør ha. Vi tilrår at avtalen ligg til grunn for honorering for arbeid innanfor Den kulturelle skolesekken også når det skjer i kommunal regi. Heile avtalen finn de her
Det er viktig at tiltaka er lokalt forankra og at dei gode lokale kulturressursane kjem elevane i skolen til gode. Vi oppmodar til å hente fram dei gode ideane og prosjekta på tvers mellom skole og kulturaktørar. Samhandling gir dei mest spanande prosjekta. Det er ikkje ein god strategi å fordele midlane direkte til skolane ut frå elevtal, utan å stille krav til planlagde prosjekt og samhandling på førehand.
Midlar frå den lokale kultursekkpotten kan nyttast til å tinge tilbod frå Kulturlauget. Endeleg melding om kva for tilbod frå Kulturlauget som kjem til kvar enkelt kommune blir gitt i god tid før fristen for å sende inn kommuneplanane går ut. Tilbodet “Ut i sekken” er no avvikla, medan den arkeologiske delen av aktiviteten vidareførast i lauga “Steinalderkoffert”, “Jernalderkoffert” og “Bronsealderkoffert”.
Mot slutten av denne veka blir det mogleg å bestille fleire laug frå dei kulturskolane som framleis har ledig kapasitet. Vi oppmodar dei lokale kulturforuma til å sjå om det er grunnlag for samarbeidsløysingar mellom DKS, UKM og kulturskolane. Kan lauga nyttast i fleire høve, til dømes ved at elevar som har delteke i laug oppmodast til å delta i UKM? Eller kan det styrke deltakinga ved UKM om kulturforumet bestiller laug i kunstartar som hittil har vore representert i liten grad under UKM?
Det lokale kulturforumet skal vere samansett av kommunerepresentanten som er ansvarleg for arbeidet med Kultursekken, skolane sine kulturkontaktar og lokale institusjonar. Slike institusjonar kan til dømes vere kulturskolar, bibliotek, museum, kinoar, kyrkjer osb.
Midlane kan nyttast til transport dersom dette er knytt til konkrete kunst- og kulturopplevingar som er skildra i den lokale planen, men midlane kan ikkje nyttast til transport knytt til opplevingar i Kultursekken. Vi oppmodar likevel til å arbeide for finansiering av transportutgifter knytt til dei lokale prosjekta med andre midlar enn dei lokale kultursekkmidlane.Midlane kan ikkje gå til tiltak som skolane/kommunane “alltid” har hatt, som t.d. elevkveldar, julefrukost, skidag, UKM, finansiering av uteområde osb. Midlane kan heller ikkje nyttast til kompetanseheving for lærarar, Kulturtorg, nettverksmøter og liknande. Dette er krav frå departementet som vi må følgje opp. Vi gjer merksam på at midlane heller ikkje kan nyttast til friluftsliv.
Planen må sendast digitalt til kultursekken@mrfylke.no.
Frist for rapportering for bruk av midlar for 2012 - 2013 er 15. september. De vil få informasjon om dette seinare.
Ta gjerne kontakt om noko er uklart eller om de ønsker innspel i prosessen med å lage kommuneplan.