mr

Kokebok for kulturkontakten på skulen og Kommunekontakt

Råd og tips om arbeidet med Kultursekken på skulen

Hege Merethe Gagnat @ Møre og Romsdal // 10.09.08

Kulturkontakten på skulen er den viktigaste brikken for at Kultursekken blir positive opplevingar for elevar og lærarar. Samspelet og informasjonsflyt mellom skulen og formidlingsseksjonen er avgjerande for kor vellukka innhaldet i Kultursekken blir. Difor legg vi ut ei oppdatert "kokebok" til hjelp i arbeidet med Kultursekken. Her står ansvarsfordeling, sjekklister og forventningar til kva skulen og kommunen skal bidra med.

GENERELL INFORMASJON OM KULTURSEKKEN

Kultursekken er et samlebegrep for satsinga på kulturformidling i barnehage, grunnskole og den videregåande skulen i Møre og Romsdal. Kultursekken vert realisert gjennom ei abonnementsordning for kommunane, gjennom bestillingsordninga Kulturlauget, samt gjennom kommunane sine lokale Kultursekkplanar.

Kultursekken er Møre og Romsdal fylke sitt svar på Den kulturelle skolesekken - eit nasjonalt tiltak for å satse på kultur i barnehage, grunnskolen og den videregåande skulen. DKS er finansiert av spelemidlar som vert fordelt til fylkeskommunane i landet. Arbeidet med Kultursekken skjer etter nasjonale føringar som vert gitt i tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet.

 

Kultursekken skal sikre elevane årlege profesjonelle opplevingar innan teater, dans, bildekunst/ kunsthandverk, film og litteratur. I tillegg kjem musikk som blir sikra gjennom Rikskonsertane. 

 

Måla for ordninga er:

  • å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
  • å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål


Alle dei 36 kommunane i Møre og Romsdal deltek i ei abonnementsordning for som sikrar alle skolane profesjonelle kulturtilbod innan eit breitt spekter av kulturuttrykk. Kommunane betaler ein eigendel på 70,- pr elev pr skoleår. 15 av kommunane er med i pilotprosjektet Kultursekk i barnehage, og eigendelen er der 50,- pr barn.

Kulturlauget

 

Kulturlauget er ei bestillingsordning for skolane der skolane kan bestille verkstader med profesjonelle fagfolk innan eit breitt spekter av kulturuttrykk. Kommunane betaler ein eigendel pr verkstad som utgjer ca 50% av dei samla utgiftene.

11 av kulturskolane i fylket er også leverandør av verkstader som skolane kan bestille gjennom prosjektet Kulturlauget - Den kulturaktive eleven. Kultursekken samordnar bestillinga av alle verkstadane.

Kulturtorget 22. – 25. januar 2013
Programmet er delt inn etter dei ulike målgruppene på følgjande måte:
22.1 - 23.1 Program for barnehagane
24.1 - 25.1 Program for grunnskolane og videregåande skole

Kulturtorget er ein møtestad for formidlingsnettverket i Møre og Romsdal.  Torget er ein viktig møtestad for alle som arbeider med kultur til eller i skolane/barnehagane. Kulturtorget gir nettverket ein felles plattform for å drøfte nye tiltak i Kultursekken.  Stor deltaking opp gjennom åra har styrka entusiasmen, gjort det muleg å førebu opplevingane på ein betre måte og er i seg sjølv ei styrking av kompetansen rundt kulturformidling både for produsentar og mottakarar av ulike tilbod.

Kulturtorget har mellom anna følgjande funksjonar:

  • ein møtestad for utveksling av erfaringar, synspunkt og idear til kulturformidling i eigen kommune/skole

  • sikre betre tilrettelegging av produksjonar som seinare  skal på turne

  • ein stad for marknadsføring av nye prosjekt

  • etablering av formelle og uformelle kontaktar / nettverk

  • kompetanseheving av heile nettverket

  • vitamininnsprøyting for kulturmedarbeidarar

  • ein naturleg påskundar i ulike typar produksjonsverksemd

 Påmelding skjer elektronisk, og blir gjort kjend på nettsidene til Kultursekken samt Møre og Romsdal fylkeskommune:

www.kultursekken.no

www.mrfylke.no

NETTVERKET SINE ROLLER

Kommunekontakten
Kvar kommune har ein ansvarleg kommuneontakt.  Denne har overordna ansvar for utvikling og samordning av Kultursekken i sin kommune.  Av sentrale arbeidsoppgåver nemner vi:

  • Utarbeiding og revidering av kommunal plan for

  • Deltaking i Det kommunale Kulturforum

  • Koordinering av kultursekk-tilboda i kommunen, t.d ansvar for leige av kulturhus/kinoOppfølging av kulturkontaktane, t.d samordne laugsbestilling

  • Informere formidlingsseksjonen om kommande strukturendringar i skuleverket

  • Deltaking på Kulturtorget

  • Møter med formidlingsseksjonen

  • Koordinere påmelding til Kulturtorget

Formidlingsseksjonen nyttar kommunekontakten til vidaresending av viktig informasjon, og er ein særs sentral samarbeidspart i arbeidet med Kultursekken.

Det lokale Kulturforum
Kvar kommune bør ha eit Kulturforum. Kulturforumet er arena for samarbeid, utvikling og samordning av dei lokale tiltaka i Kultursekken.  Kulturforumet er ein naturleg arena for utarbeiding av den lokale Kultursekk-plana.

Kulturforumet bør bestå av:

·       Kommunekontakten

·       Skule/oppvekstkontor, Kulturkontor

·       Kulturskulen

·       Den norske Kyrkja

·       Folkebiblioteket

·       Det lokale museum

·       Lokale kunstnarar mm
 

Kulturkontakten på skolen

 

Kulturkontakten er bindeledd mellom formidlingsseksjonen og skulen, samt utøvarane sin kontakt på skulen.  Kulturkontakten er ansvarleg for å  tilrettelegge arrangement på skulen.  Kulturkontakten bør involvere fleire i arbeidet med Kultursekken, gjerne delegere arbeidsoppgåver.  Alle aktuelle lærarar må bli orientert om tilboda, slik at elevar er førebudde.  

 

 Å planlegge tilboda ved skulen i god tid er viktig.  Da vil til dømes vaktmeister kunne tilrettelegge dei tekniske krava.  Å engasjere elevar i førebuinga kan vere ein styrke for Kultursekken.  Mange skular har elevar som arrangørar, noko som har vore vellukka.  Formidlingsseksjonen kan gje tips om korleis dette kan gjennomførast.

Informasjon frå formidlingsseksjonen til skulane skjer elektronisk, difor må skulen legge til rette for at kulturkontakten har tilgang til og brukar internett og e-post jamnleg.  Formidlingsseksjonen er også avhengig av å få innspel på lokale tilhøve, som t.d hørselshemma elevar, tilstand på piano, byggearbeid ved skulen osb.

Kulturkontakten er ansvarleg for oppdatering av skuleinformasjonen i KSYS. (Sjå eiga rettleiing)

Det er ein fordel at kulturkontakten er frigjort frå vanleg undervisning ved arrangement, men organisering av kulturkontakten si tid er opp til kvar enkelt skule.

Det er naturleg at Kultursekken er ein del av skulekvardagen gjennom skulen sine planer.

 
VIKTIGE ARBEIDSOPPGÅVER FOR KULTURKONTAKTEN


Kulturkontakten skal

·       Oppdatere skuleinformasjon som elevtal, timeplanar og kontaktpersonar i KSYS

·       Sjekke nettsida www.kultursekken.no og eigen e-post jamnleg

·       Ta ut fullstendig turnéplan, fakta-ark, lærarrettleiing og tekniske spesifikasjonar frå internett

·       Gje formidlingsseksjonen tilbakemelding om behov for endringar i god tid før turnéen startar

·       Informere vaktmeister, leiinga ved skulen osb om tilboda som kjem

·       La informasjon vere lett tilgjengeleg på lærarrom (kanskje ein Kulturperm?), oppslagstavler o.l

·       Sørge for at lærarar gir alle elevar får informasjon om tilboda

·       Sørge for at naudsynte førebuingar er kjend for lærarane

 

Kontakt med utøvarane, sjølve arrangementsdagen

 

Kulturkontakten er skulens kontaktperson for utøvarane.  Utøvarane tek kontakt på førehand for å avklare tekniske premissar som til dømes bærehjelp, publikumsoppsett, spesielle behov ved skulen osb.

På arrangementsdagen:

  • Ta imot utøvarane, sørge for at bærehjelp og vaktmeister er oppmøtt

  • Vise utøvarane til spelestad, vis dei garderobe og lærarrom

  • Sørge for at utøvarane får kaffe/te eller anna drikke

  • Presenter utøvarane for dei andre tilsette

  • Ønskje utøvarane velkommen/introdusere før framsyning

  • Hugs å takke utøvarane etterpå

Sjekkliste for kultursekkarrangement

 

  • Treng dei bærehjelp?

  • Er spelelokalet ledig?

  • Kor lang riggetid har utøvarane, når kjem dei til skulen?

  • Skal det vere blending?

  • Er temperaturen i spelelokalet ok?

  • Er det nok straum tilgjengeleg?

  • Korleis skal publikum plasserast?

  • Ved anna spelelokale enn skulen; har kommunekontakten bestilt lokalet?

  • Ved anna spelelokale enn skulen; er transport av elevar organisert?

Når kulturkontakten sluttar, går ut i permisjon, blir sjukemeldt osb: Formidlingsseksjonen må få beskjed om kven som tar over ansvaret!  Registrer endringar i KSYS kontinuerleg.