mr

Hva er Kultursekk for Barnehage?

I kommunane som er med i prosjektet Kultursekk for barnehage får kvart barnehagebarn to profesjonelle tilbod årleg gjennom Kultursekken. Desse tilboda er alderstilpassa - som oftast får 0 - 3 - åringane andre tilbod enn 4 - 5 - åringane. For dette betalar kommunene kr 50,- pr barn. Tilboda kan vere produksjonar innanfor dei 6 kulturuttrykka som ellers er representert I Kultursekken: scenekunst/dans, litteratur, film, musikk, kulturarv og visuell kunst.

 

Tilboda kan også vere verkstader innanfor ulike kulturuttrykk som blir gjennomført av profesjonelle utøvarar. Barna sitt eige kulturuttrykk er vektlagt i rammeplanen for barnehagar – og også som tilbod i Kultursekk for barnehagar.


På sikt er det ønskeleg at dei kommunale kulturskolane kan gå inn og yte tenester til barnehagane med ulike verkstader. Mange kulturskolar er små og manglar enda midlar til å kunne gjere dette, men vi ønskjer å etablere kontakten mellom barnehagane og kulturskolane, slik at ein på sikt kan dekke eit behov.


Kvart år arrangerer vi Kulturtorg i Molde. Dette har vore arrangert for skolane og kommunekontaktene i mange år – men i 2011 hadde barnehagane for første gang sin eigen dag på Kulturtorget. Her kunne ein oppleve ulike produksjonar og tilbod som skal ut til barnehagane, i tillegg til foredrag og verkstader. Kulturtorget er ein kompetansehevingsarena og den viktigaste møteplassen for dei som er med i Kultursekken. Deltakarkommunene og barnehagetilsette i pilotprosjektet Kultursekk for barnehagar skal også delta her.
Kulturtorget 2013 vil også ha eit eige fokus på barnehageproduksjonar i samarbeid med Rikskonsertane.


Møre og Romsdal fylkeskommune har sendt prosjektsøknad om tilskudd av statlege midlar for å utvide talet på deltakarkommuner i pilotprosjektet frå 15 til alle dei 36 kommunane i fylket.
Kultursekk i barnehage er fanesak i Fylkesplan for 2009 - 2012 og alt tyder på at dette vert vidareført i ny fylkesplanperiode 2013 - 2016.
Meir informasjon om dette kjem så snart vi har fått svar på søknaden.

 

Registreringsskjema barnehage